mandag 8. mai 2017

Om denne bloggen

Dette er ein blogg eg opprettar for eit samarbeidsprosjekt med Rauma historielag om det er muleg å få til eit busetnadshistorieverk. Førebels består det av eit dugnadsprosjekt som eg har tatt ansvaret for å koordinere saman med ei gruppe i historielaget: få registrert kyrkjebøkene. Nærare om prosjektet i dette innlegget i den vanlege bloggen min.

Denne prosjektbloggen er altså avgrensa til dette prosjektet, og til erstatning for denne enkle sida på hivolda-veven har eg oppretta ei side med oversyn over status for registreringsarbeidet.

Den lukka facebookgruppa Kilderegistrering Grytten, Hen og Vågstranda brukar eg til å gje meldingar om framdrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Om denne bloggen

Dette er ein blogg eg opprettar for eit samarbeidsprosjekt med Rauma historielag om det er muleg å få til eit busetnadshistorieverk. Førebe...